Romsdalen

Bygd: Romsdal
Tekst: Sandnes, Eiliv
Kjelde: Kjenn ditt land. Norgeshefter B. 35 Molde og Romsdal, s.35. / Unge Romsdal 1934 s. 113

Brim og brot inn mot land;
skjer og flu det overskylje
og med skumkvit, saltfrisk bylgje
Vesterhavet driv mot strand.
Sjå på bårekammen duva,
inn i millom fall og brot,
romdalsguten – ikkje suten – i sin båt.
 
Breid og blå – leid og veg -
Romsdalsfjorden inn seg tøygjer
millom  holmar, millom øyar,
inn i landet skjer han seg.
Ven han ligg i sol og stille,
brått med skumkvit bårekam
skiftar milde om i ville hug og ham.
 
Sogesus lint om stamn
voggar lett – og tanken femner,
når me inn igjennom stemner,
Veøyar og Sekkens namn.
Og som vardevakt i natta
Klungnes og Skotthamar enn
dei skal minne og skal finne vakne menn.
 
Høyr med sus, låt og song
Rauma ned med ofse stundar,
forbi Horn og Trolltind skundar
lengtande mot fjordens fang.
Helsar i frå Gudbrandsdalen:
Takk for gamalt grannelag.
Ser sin lagnad – songen tagna – døyr i hav.
          
Sterk og stø skjoldborg er
desse gamle fjell og kollar,
står som vakt om odelsvollar,
fedre rydde, bygde her.
I frå toppom varden lyste
og bar bod i ufredstid,
baun frå nuten kalla guten ut til strid.
 
Heil og sæl, sterke ætt!
Kringom desse fjordar blåe,
millom fjella bratte, bråe
eig du rom og livsens rett.
På dei gamle tun og tufter,
som ber bod om fedres ferd
trauste, trygge alltid byggje Romsdøler.
 
Råde skal frie menn
alltid kring i Romsdals bygder,
som med mot og tru og dygder
strævar trutt i heimegrend.
Vilja leggje skal til verket
møy og mann for landets tarv.
Vel dei akte, verje, vakte fedrearv.
 
Heim og bygd, dyre namn!
Fedres dug og dåd me minnast
og i ærleg strid me finnast:
lyfte Romsdal opp og fram.
Lat det minne, lat det mane,
dette gamle, gjæve namn.
Høyr det kallar på oss alle:
Frendar fram!