Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Anfindsen, Finn H.
Kjelde: Det gror på vår jord / Finn H. Anfindsen s. 95-96

Du Romsdal, du – med særpreg mellom andre lutar
av Noreg ja – eit stykke land mot nord.
Du Romsdal, du – med fjell, med høge nutar,
du er så ven ein stad, som nokon stad på jord.
 
Så mang ein gong i dimme kveldingstunder,
då tanken fòr som lyn i torevær,
då såg eg deg – mest som eit under,
med fjell og fjord – du var meg like nær.
 
Då såg eg bygd, då såg eg folk og frender.
Eit folk i pakt med fjell og fjord,
med skog og åsar, fagre strender.
Du Romsdal – vene stad på jord.
 
Du Romsdal, du – eg såg vel andre land og strender
med meire god og dyrka jord.
Men kvar eg drar i aust – til andre grender,
du Romsdal er så ven som nokon stad på jord.
 
Vel var det tunge lagnadsstunder
då hermenn herja bygd og by,
men freden kom – mest som eit vårbud og eit under.
Eit Noreg fritt i mai morgongry.
 
Du Romsdal, du – med soga, segn og rike minner,
frå Brøstet der og ut til Buavær.
Du har eit folk som livet vinner,
for dei er du så ven og kjær.
 
Du Romsdal, du – med framtid, dag og dugnad,
må ungdom tru på deg og ditt.
Så går du fram i liv og hugnad,
du vene Romsdal – høgt og fritt.