Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Skeidsvoll, Agnar
Melodi: K. R. Rakvaag
Kjelde: Moren, Sven: Songbok for skular og ungdomslag. Oslo 1941 nr 325b

Romsdal, Romsdal! Deg me helsar kvar ein dag.
Romsdal, Romsdal! Kjært er kvart eit bygdelag.
Her me levde dagar med glade barnesong,
i Romsdal vil me kvila og den siste gong.
 
Romsdal, Romsdal! Bråe kast frå fjell til flu.
Romsdal, Romsdal! Gråt og glede, tvil og tru.
Mellom havsens hildring og trollheims gygreklo
der bur vårt folk, i kvardagsliv og sundags ro.
 
Romsdal, Romsdal! Namnet ditt set store krav.
Romsdal, Romsdal! Reis deg sterk på land og hav!
Soga talar til oss, men me skal skapa ny,
og difor gjeng me trufast fram i bygd og by.