Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Raum
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 289

Kvar finst det vel ein betre stad
for oss på vide jord,
med slik ei fager tinderad,
som her ved Romsdalsfjord!
Her våre feder heimstad fann,
og her dei unte vel.
For sine hugmål her dei brann,
og so til slutt det høgste vann:
å døy og vera sæl.
 
Me fekk i arv frå ætta vår
eit rikt og fagert mål.
Um skjemd det vart i vonde år
det hev sitt norske stål.
Det slipast må og stellast med
so godt me berre kann;
oss alle høyrer dette til.
I dette strevet trengs det fred
og framdrift i vårt land.
 
Me ofte sunge hev i flokk:
no upp me vakne må!
Å berre syngja er kje nok.
Dei vakne er nok få.
Den verste sømn er sømn på vakt;
slikt er no reint ei skam.
Ein vaken ungdom er ei makt.
No gjeld det um å gå i takt;
då kjem me ein gong fram.