Romsdal si jord

Bygd: Romsdal
Tekst: Fladmark, Ola
Melodi: Brøyte seg rydning / Karl Svendsen
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 225



Romsdal si jord gjennom tusen av år
venta på plogen kvar einaste vår.
Myrar og moar og bakkar i krans
drøymde så vent under vårsol og glans,
gyltest av solblenk frå fjell og frå fjord
-  Romsdal si jord.
 
Viljene vakna, og hender tok fatt.
Romsdal si jord er vår dyraste skatt.
Myrar blei tappa, frå åsli og koll
spirte og blømde ein angande voll.
Staren og måltrosten jubla i kor.
-  Romsdal si jord.
 
Aldri så såg vi vel åsar og tind
skoda så stolte mot himmelen inn.
Aldri stod skogen så vent mellom stein,
aldri vel fjorden så dårande  rein.
Storbåra bryt seg frå vest og frå nord
inn mot di jord.
 
Alt som her finnes er gøymt i ditt navn,
heimar og bygder, vår glede, vårt savn.
Vel kan vi drøyma bak høgfjella nå.
Vi ser oss attende, vi kan ikkje gå.
For oss er du meir enn eit råmande ord.
-  Romsdal, vår mor.