Måndalssong

Bygd: Måndalen
Kommune: Rauma
Tekst: Oterholm, Olav
Melodi: Sigurd Vollset



Der Sæbønes og Hovdekoll
har fanga Vollabukta inn,
der dalen dreg frå flate Voll
mot Månvasshei og Kvassetind,
der er min heim, der ligg mi bygd
med krans av fjell til livd og trygd.
 
Ja, her er tunge, trauste fjell,
som skogen kledde, mjukt og mildt.
Men bak og over li og hjell
og hei, der vatn drøymer stilt,
dei bratte blåbergtindar stend
som ytste vakt om støl og grend.
 
Her grov ei elv i lange år -
No dreg ho over steinut grunn.
Men friskt i gamle elvasår
veks ore, bjørk og seljerunn.
Og eng og åker gror i dag
på grande, øyr og bakkedrag.
 
Ved strand, ved elv og under lid
dei gamle gardar, grend ved grend,
ber vitne om ein ærleg strid
av heimekjære rudningsmenn.
Men nye heimar gror i dag
av anna verk og handelag.
 
Slik stig du fram, mi fagre bygd,
i sol og regn, i gråt og smil.
Eg møtte deg i sorg og frygd
og veit at her eg høyrer til.
Gud signe deg kvar tidarbolk
mi bygd, min heim, mitt frendefolk.