Minne frå Sandgrovbotnen

Bygd: Sandgrovbotnen
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal /Red. Bersvein Leirvoll

Skrive i 1974
Ved Mjølrokkhaugen i Sandgrovbotnen
der var det stemne ein sommardag,
og opp på fjellet eg gjerne ville.
Med grannen min fekk eg halde lag.
Men med oss bror min au ville vera,
og heime fekk han no også lov.
Vi gjekk opp lia i sjøløyskodde
ein tidleg morgon med andre sov.
 
Frå Lesjaskogen og Øverdalen
vi venta venner med same tru.
Frå Eikesdalen var fem i fylgje,
og ingen tenkte på heim å snu,
for over gråtunge sjøløyskodda
der var det finver, det trudde vi.
Vi gjekk og sveitta i mange svingar
før vi opp kom denne bratte li.
 
Og då vi nådde heilt oppe på røra,
vart vi forundra, det kan de tru,
for sola skein frå ein skyfri himmel.
Her kunne alle ha lyst til bu.
Og Sandgrov-eggen seg vakkert spegla
i blåe vatnet, med krone kvit.
Vi hoppa lette på stein og tue
i glede då vi var komne dit.
 
Ved Mjølrokkhaugen var song og tale
om han som syndene våre bar.
Det lydde ekte, og vi var gripne,
på sine bøner fekk somme svar.
På stemneplassen var mange steinar.
For kvart eit stemne vi steinar la,
og elles var det ein større bergnabb
der stein vart lagt om vi svara ja.
 
Eg kjende liksom ein sting i bringa,
for verda lokka, og eg var ung.
Min stein vart liggjande der på marka,
for meg var han no ekstra tung.
Med denne sundag i Sandgrovbotnen
forstod eg seinare eg vart vakt.
Eg hadde gått for å få ein fjelltur.
Så synte Herren si store makt.
 
Om eg kjem atter til Mjølrokkhaugen,
skal steinen min der bli lagd på plass.
Men nei, det aldri slik har laga.
No går eg ikkje dit inn, på trass,
for bilveg skjemmer ut Mjølrokkhaugen
og støvsky fyk over mose mjuk.
Snart Sandgrovbotnen ligg under vatn.
Det er so synd at ein kan bli sjuk.
 
«Vår kristendom, han er sterkt på retur»,
det sa dei gamle i flokken vår.
«Vi hadde vekking. Men klunger kjøvde
så mangt eit strå». Då var stemma sår.
Og no har Mammon fått reist sitt tempel
med mørke gangar i fjellet vårt.
Og folk smir våpen, og lagar gifter
åt undergangen vår. Slikt er sårt.
 
Med vilje fri har vi vorte fødde.
Vi velja kan kven vi tene vil.
Og dersom vi ikkje vel det rette
vi kan kje vente at Han er snill.
Min Mjølrokkhaug er eit fagert minne
som ingen, ingen kan frå meg ta.
Om skodde, mørker og storm kan koma,
ein overgang er det. Det er bra.