Medalssong

Bygd: Medalen
Kommune: Rauma
Tekst: Kavli, Ole S.
Melodi: Blandt alle lande/H. Matthison-Hansen
Kjelde: Ein drøymar på vandring /Ole S. Kavli. - 1982



Me elskar dalen med horn og tind,
for denne staden er min og din.
Om fjella stengjer
og fram seg trengjer,
me elskar deg.

Dei høge kjemper står trufast vakt,
dei skræmest ikkje av nokor makt.
Når dei oss maner,
me lyfter faner
til sannings kamp.

Men hjartebarnet er Rauma elv,
som speglar fjella og himlens kvelv.
Som ho renn stille,
me gjerne ville
ho vera lik.

Men ikkje støtt renn ho blå og blid,
nei, stundom fossar ho kvit og strid.
Ho bryt og kastar,
på veg ho hastar
frå tronge dal.

Me elskar våren med skapartrong,
den ljose tida med fuglesong.
Då alle stansar,
bitt minnekransar
frå dalen vår.

Når alt vil øydast i kulden stri,
då har me minna frå sumarstid.
Når kalde sjella
blæs mellom fjella,
me ynskjer vår.

Men kyrkja står her so høg og rein,
med kors ikring og namn på stein.
Ja, ho vil samle
dei unge, gamle,
i sorg og fest.

Gud signe dalen og alle deim
som let deg styra i bygd og heim,
som veit om plikten,
men kjenner svikten
i eigen barm.

Lat ordet veksa og bera frukt.
Lat inkje hjarta bli kaldt og lukt.
Nei, det må brenna
og omsorg kjenna
for kvar og ein.

Så vil me ynskje at alle finn
den rette døra og kransen vinn,
og strir på valen
så signast dalen
til evig vår.