Mardøla tek farvel 12/8-1970

Bygd: Mardalsfossen
Kommune: Nesset
Tekst: Hammer, Agnes
Kjelde: Viser, songar og vers frå Eresfjord og Eikesdal /Red. Bersvein Leirvoll

Skive på Øverås 12/8 1970 av "Innflyttar" Agnes Hammer
Eg fødtes på vidda, inn i fjellet det blå.
Det var Gud sjølv som skapte meg der.
Eg låg der så blyg og undra meg på
skal eg alltid bli verande her?
 
Da vinka min skapar - Kom fylg etter meg,
eg skal syna deg dalen der du høyrer til, eg.
Og når du vert stor nok ein son skal du få,
som menneskje strøymer til for å sjå.
 
Eg vart så stolt, og strøymde forbi
og tok med meg bekker frå fjell og li.
Eg vaks, vart stor og kjende meg glup
og sansa meg ikkje – der bar utfor eit stup.
 
Eg svimde av og var utor ei tid
då eg vakna, såg eg sonen min ljos og blid.
Der oppe i stupet han klengde seg fast
og gjorde dei sprekaste hallingkast.
 
«Mardalsfossen» vart sonen min kalla,
han er ein av dei høgste fossefalla.
Ei ovfager perle i norsk natur
som ikkje er skapt for å stengjast i bur.
 
I dag er eg sorgtyngd. Dei son min vil ta.
Med makt dei over til Rauma vil dra.
Han som er ekte Eikesdalsgut
som fange i Grytten skal enda tilslutt.
 
Skaparen sjølv sa vi her skulle bu
Kven er så dei små som inn på Tinget må tru?
som meinar dei betre kan døma.
Gud gjev dei ei flau kjensle får ha
når dei i fedrelandssongen den strofa skal ta.
«Og la det som hagen bløma».
 
I Sandgrobotnen dei til aksjon drog
bygdefolk og andre vener - eit stille tog.
Dei vassdrags(u)vesenet syna dei
at ikkje alt så rett har bore til.
   
Men da kom raumaranes blod i kok.
Dei bar seg åt som vikingar på ufredstokt.
Med bensinkanner - og mord i sitt blikk
med ville hyl dei til motaksjon gjekk.
 
Da synte mitt folk ei heroisk ro
og ei framferd som høver den norske kultur.
Så stilt dei sat på sin post – medan skjellsorda jog
over ingenmannsland frå fiendens mur.
 
Eg takkar alle som var meg tru
og vonar eg framleis i dykkar hjarta vil bu.
Så eikesdøler, eresfjordingar og mine vener all
må bera i sitt minne, Nordeuropas høgaste fossefall.