Lyngvær

Bygd: Lyngværet
Kommune: Sandøy
Tekst: Opstad, Anna

Anna Opstad var rorbukokke på Munken på Lyngværet i 1932, dette diktet er datert 10. april 1932
Ein himmel rein, ei sol som skein
so klår og spegla seg i sjøen.
Ein holm, eit skjer, ein bergehammar der,
ein ser ’kje grøne bøen.
Nei, knaus og hamrar, berre ein
og annan grøne flekk imillom stein.
 
Eit sund, ei bukt, ein båt på tokt,
som sigler ut imillom skjera.
Ein mann som ror seg over fjord,
det skal ’kje mange åretaka vera,
for millom holmane og land,
ein ropa kan frå strand.
 
Ei stove her og der, imillom knausane ein ser,
so trygt under bergehaugen i ly.
Eit fiskarfolk her bur,
um vinteren ein tur.
Til stovene er det godt å ty,
når frå havet trøytt og klar dei kjem.
Der kvila fær kvar kropp og lem.
 
Men nokre folk, so lang ein bolk,
hev budd her all si tid.
Dei lever av det store hav.
So mang ein gong dei bylja rid,
og fiskar sild og torsk og sei,
og garn, line og ruse brukar dei.
 
I hamna still, legg båten til
ei bryggje burtpå «Munken».
Tvo kokkar der, eg i glaset ser
på Kuholmen i same augneblunken.
Til «Munkestova» eg snur meg so,
i døra der eg òg ser tvo.
 
Ja, slik på lag, var fyrste dag
eg kom i land på Lyngvær.
Det var ’kje fritt, eg undrast litt
um eg vilde trivast her,
imillom berg og stein og knaus,
og sjøen rullande so taus.