Kjærleikssong til klokkaramtet

Bygd: Møre og Romsdal fylke
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Når solen ganger til hvile av Sofie Dedekam
Kjelde: Lovsongtonar / Einar Helde. - 2007

Skriven 2002. Klokkaramtet = Romsdals Amt, Møre og Romsdal fylke


I nordvest ligg havlandet Møre.
Naturen har delt det i tre.
I Sunnmøre, Romsdal og Nordmør,
for sørauststorm ligg det i le.
Før høgfjell frå omverda stengde,
og fjordane saman det batt
med øyar og strender i mengde,
ved storhavet nordafor Stad.
 
Mot Storegga fiskebåt stemner,
for folk vil ha storsild og torsk.
Der havørn og håbrand seg hemnar
på matfisk, lik selen så dorsk.
Ja, kjempe ein må for tilværet
på sjøen, i bygder, i by,
for seg og for sine livnære,
for heimen, som trygt ligg i ly.
 
Ved Fosna finst fiskeberg fine,
og kleppfisken verdenskjend er.
Frå Ålesund fangstfolk med line
til Ishavet ofte dei fer.
På fabrikk, på verkstad dei strever,
så mange som trufaste står.
Av aurmagre gardar folk lever,
for nøgsemd med gudlegdom rår.
 
På Dalsnibba turisten stansar.
Han oppglødd ved Trollstigen står.
Frå Varden han alpane sansar.
Panorama-utsikt han får.
Mot Dovre ligg fjellheimar ville,
der elvar med fossar flott fell,
på ferd mot det mjuke og milde,
og stilla i stjerneklår kveld.
 
Vårt åndsliv er rikt, og raust rosa,
for Aasen eit unikum var.
Han granska, skreiv poesi, prosa.
Han blir kalla nynorskens far.
Frå Romsdal kom Bjørnson og Hoem.
Frå Nordmør kom Magerøy,
frå Sunnmøre Støylen og Hovden
med salmar som aldri vil døy.
 
Her mykje vi finn som kan skilje,
men meir som oss saman bind.
Så ofte det trengs velvilje,
før saman ei løysing vi finn.
Om havlandet Møre er magert,
det levebrød likevel gjev.
Vi takkar for fødeland fagert,
for himmelen over vårt strev.