Isfjorden

Bygd: Isfjorden
Kommune: Rauma
Tekst: Tokle, Gudrun J. Omskriven av Kari Unhjem
Melodi: Gudrun Gyldenskog /sats Rolf Strand
Kjelde: Jordbrugeren 20. aug. 1926



Drøymande ligg du i solrenningsglansen,
Isfjorden, bygda vår, fager som få.
Grønnkledde fjella i fjorden seg speglar,
fjorden den djupe, forunderleg blå.

Sit eg ved elva, ho siklar og sullar,
nøkken han skvatlar i fossen sin trall.
Elva ho syng der ho slær seg i krullar
stundom so varsam og stundom so vill.

Sit eg til dømes på fjellet ein morgon,
ser over bygda med' folkje dei ligg,
fær eg ei kjensle av fred over jorda,
Glutra og Isa dei svingar seg trygg.

Fremst inni dalen ligg Grøvdal i stilla
med Juratinden so mektig og grå.
På andre sida ligg Dale og Åsen,
Moa der inn under Nebba den blå.

Hatlen og Kavli seg solar i bakken
med Kavli-Aksla so brei og so trygg.
Like der nedanfor, beint over elva,
flatlendt og fredeleg Grøtta no ligg.

Hen ligg med kyrkja og kyrkjegards-freden,
alle i bygda her einkvan har kjær.
Tokle so vakkert der ute med sjøen
tykkjest meg no at det gildaste er.

Brevik og Stranda slett ikkje eg gløymer,
sjå Brevik-fjella med Såten som best.
Der Brevik-såte og Ljøsådalsvatnet
mørke og draumfulle tek mot sin gjest. 

Mot Liabygda me blikket vil vende,
Vengestind stiger mot himmelen opp.
Frå Vengesdalen med Hesten og Hornet
Blånebba reiser sin mektige kropp.

Der bakom Romsdalshorn veit me ligg dalen,
Romsdalen prektig og mektig og vill.
Verma og Rauma som heilt majestetisk
viser for folket sitt selsomme spill.

Atter så vender eg augo mot fjorden,
Klungnes oss minner om Sinklar og Per.
Der oppmot Nesaksla rett uti fjorden,
Åndalsnes, byen, seg smilande ter.

Fager er lia, som Gunnar han sagde,
fredlaus han bort ifrå Lidarend drog.
Isfjord du gildaste, Isfjord du fagre,
kransa av sjø og av fjell og av skog.