Isfjord

Bygd: Isfjorden
Kommune: Rauma

Forfattar av songen er ukjend. Else Marie Sæbø skriv: "Me helsar deg Isfjord" skreiv eg av frå eitt eller anna den tida eg studerte i Oslo. Eg veit ikkje kven som har laga den, heller ikkje om det er laga melodi til den.

Edmund Søvik skriv:
Ein av isfjordssongane som hadde dukka opp i seinare år er: Me helsar deg Isfjord -  Då eg såg gjennom historikken eg har skreve om Losje Vengetind, fann eg i avisa Varden frå 1928 ein "original" som isfjordssangen er henta frå. Der har eg skreve av 2 vers. Forfattaren er framleis ukjend, og EH er truleg den som har skreve inn diktet i avisa Varden. 
I juli 2023 skriv Edmund Søvik dette til redaksjonen: Eg var akkurat no innom bygdesangen "Isfjord", og ser at den er gjengjeven slik den har vore skreven eller avskreven ein gong i tida og med ukjent forfattar. Det er berre det at den har nokre håplaust urytmiske liner, og er ikkje sangbar. Med den melodien som er foreslått blir det også nokre svært kunstige sløyfer. Eg har justert teksta nokre få plassar slik at den blir sangbar, og meiner at det er "lovleg", ja, nødvendig. Eg har au foreslått ein annan melodi som passar rytmisk, med repetisjon av dei siste linene. (Jeg skulle ei sørge, Sangboken nr. 350 B).
Lydfil 2 har melodien frå Sangboken 350 B
 
Sjå og Romsdalsdikt




Me helsar deg, Isfjord, av heile vår hug,
vår heimstad so ven og so stor,
med fossar og elvar og dalar og skog,
din himmel, din fjord og di jord.
/: Dei snøkledde skogar og bøar og fjell,
naturen i heile sitt vell. :/

 

Me elskar deg, Isfjord, og gjev deg vårt ja
i arbeid på sjø og på land.
Me fridom og rett mellom folket vil ha,
då knyter seg brorskapens band.
/: Mæl høgda av fjellet og djupna av fjord
i tanke, i tru og i ord.:/

 

Me stemner då fram i den tru, i den von,
me lærer å likjast på deg.
Og difor so skal då vår dotter og son
få rikare framtid for seg.
/: Det maner til frihug og stordom i sinn,
og frihugen veks og han vinn.:/

 

Me helsar deg, Isfjord, med fjell og med fjord,
med lier og steinute strand.
Eit stykke av Noreg og langt imot nord,
vår hug du då kveikjer i brann.
/: So fram me vil ganga og oppover sjå
for høgre og høgre å nå. :/