Hjelsetsang 2

Bygd: Hjelset
Kommune: Molde
Tekst: Solli, Lilly Olaug Hjelseth
Melodi: Arnold Farstad

Sangen er skriven i 2006. Sangen kan og syngast på melodien til "At far min kunne gjera". Sjå Hjelsetsang 1



Ved Fannefjordens midte, i sydvendt bakkehell,
der ligger Hjelset-bygda imellom fjord og fjell.
Her ættargard vart rydda av trugen arbeidshand,
så gras og korn det brydda i bakkar og ved strand.
 
Ei kai vart bygd for dampbåt, ein handelstad fekk fart,
vart "Lille London" kalla, der skyssvogn stod til start.
Her bonden opp seg stilte, med hesten kvikk og kjapp,
for Batnfjord var målet, folk Hustadvika slapp.
 
Mens snekkar bygde båtar, syr skreddar kleda varm.
Her starta rutebussar, her bygdes revefarm.
Eit sjukehus gav arbeid og skapte framtidstru.
Slik har så bygda vakse, ein trivleg stad å bu.
 
Og vide kjent vart bygda av lange hopp på ski,
så Hjelset-Fram sitt merke, vart gutar tre med gli.
Men korpset må kje gløymast, dei trufast stiller opp,
med marsjar får dei fart på, kvar ung og gamal kropp.
 
Naturen er så fager at mest ein tåre fell,
når sol i snøen glitrar, på ski ned Maifjell.
Og fjorden ligg så stille, at Skåla spegel får,
me bøyer oss og takkar for Hjelset, bygda vår.