Helsingskvæde

Kommune: Vestnes
Tekst: Aarnes, Hans
Kjelde: Unge Romsdal 1932 s. 241

Skrive til bondefesten på Vestnes 3. januar 1932.
Vestnes, Vestnes:
Gamle, trauste,
rike, rauste
romsdalsbygd
eg helsar deg.
Dine dygder
rundt i bygder
kjent er langan veg.
 
Sterke feder rudde her i skogen,
jorda tok dei ifrå ulv og bjørn.
Lenge fyrr dei høyrde snakk um plogen
dei på åkerflekkjer hausta korn.
Og når vinterkulden jorda klaka,
fjorden låg i skjerregnag og fraus,
ut på opne havet laut dei taka
etter fiskeferda som var laus.
 
Men vår og sumarkveldar
kom silda inn i fjordane.
Då varsla røyk frå eldar,
no var ho attmed vorane.
Då vart det spreng
med notasteng
og mykje sildepeng.
 
I handverksfag stend Vestnes høgt,
og båtebyggjar er kvar mann.
Her vert dei beste båtar bygt
i heile Norges land.
Ein gong vart bygt eit kjempeskip
som siglde alle verdens hav.
Det fagna verk av bygdefolk
gjeng enno spurnad av.
 
Men myrane på Furland
dei gamle vann ‘kje på.
Det låg der som eit skrapland,
men kom no att og sjå.
Her blømer hus og hagar,
her friske folk tek fatt.
Eit Kanans land dei lagar
av sjuke myr og kratt.
  
Dei segjer det er kvinnone
som skaper heim og trygd.
Når dei er med i vinnone
dei lyfter fram si bygd.
Ja, kvinnene i Vestnes
set mod i mang ein mann.
Ei bygd med slike kvinnor
vil heidra bondestand.
 
Vestnes, Vestnes:
Du festar i dag
i ditt bondelag.
Sjå fram, alltid fram
til nye sigrar
i nye slag
for Norges dag.