Helsing til Miøy

Bygd: Miøya
Kommune: Midsund
Tekst: Opstad, Anna

Dette skreiv Anna då ho var på Stabekk i 1933
Min tanke, min hug seg vender mot Miøy ein fredfull dag.
Og denne tanke eg sender i brev til vårt ungdomslag.
Der møter du vener og kjente, både av gutar og gjente heime på Miøy.
 
Eg gledde meg slik til festen me skulde hava i år,
kunde skyna det nesten eg ei vera med får.
Ante og tenkte då lite, kan de so vel då vite
at eg skull reise bort.
 
Eg ser dykk alle i anda, både festnemd og festlyd
og helsar dykk alle i handa, og til alle det velkomne lyd
som gjera oss vil den æra og med oss på festen vera
på Fredheim ein dag.
 
Ja slik eg ser dykk i tanken alle eg kjente frå før, og saman med dykk
eg vanke vil frå nord og frå sør. Når det er møter ell’ fest
eg er der alltid og gjester møtestaden dykkar der som gjest.
 
Om ute er stader gilde med fest og pomp og prakt,
eg byta då ikkje vilde med Miøy si enkle drakt.
Då sidan mange dagar, naturen so vent den lagar,
og ikkje menner med «vit».
 
Fagert her himlen blånar og sola skin kvar dag,
men stundom det også grånar og det vert eit regntungt drag.
Graner stend høg og stille, og ekorn der so snille,
leikar frå topp til topp.
 
Midt gjennom naturstilla, gjeng det alltid ein larm.
Biler og vogner som trilla, køyrer seg trøytte og varm.
Alltid det er for øyra surring og ståk å høyra
frå morgon til seine kveld.
 
Då på Miøy eg tenkjer, Miøy med fred og ro,
og i hugen det blenkjer og i hugen ein trong til å sjå deg att.
Til å finne deg att so stille eg då so gjerne ville,
når eg kjem heimatt ein gong.