Helsing til heimbygda

Bygd: Berg
Kommune: Molde
Tekst: Berg, Einar
Melodi: My Bonnie av H.J. Fuller
Kjelde: Lyrikk / Molde pedagogiske senter

Skrive på Leinøy 28.12-1941


Du ligg der så fredfull og drøymer
i kransen av skogar og fjell.
Men Storelva skvalar og strøymer
med sus gjennom stillaste kveld.
Det angar frå myrar og moar,
og tonar frå lundar og lid.
Men kveldvinden gustar og svalar
ved fagraste høgsumars tid.
 
Eg kjenner dei lauvtette lundar
i bragd av den haustklåre sol.
Men tollskogen stend der og blundar
i snøtyngd og glimar ved jol.
Eg kjenner dei lyngbrune kollar
som hustrar i kveldvinden sval,
dei blømande bakkar og vollar
med ange av pors og konvall.
 
Der Storskåli lyfter sin skalle
so grunnfest og trygg i si makt.
Og kringom stend tindane alle
som kjempor til vern og vakt.
Men aust over lågaste lende
stig dagen med gyllande flaum.
Og so når hans ferd er tilende,
han sloknar i disme og draum.
 
Der ser eg dei eldgamle stader
med solbrende hus under brun.
Og der er dei nybygde rader
som ljosnar med hagar og tun.
Frå Lundal eg høyrer det brusar
frå elva som fossar og kved.
Og tagalle kveldsstilla susar.
Ein høgheim i draumsæle fred.
 
Slik var det du føddest i hugen
i barndoms vakning og vår.
Og slik har du fylgt meg so trugen
i alle dei skiftande år.
Og slik vil eg atter deg møta
når heimetter vender min veg.
Når minni meg stundom vil grøta,
eg lengtar, mi heimbygd, til deg.