Heimen vår

Bygd: Bud
Kommune: Fræna
Tekst: Buaværing (Olav Kristvik)
Melodi: sjå opplysningar
Kjelde: Unge Romsdal 1931, s .46-47

Arne Sandøy fortel: Eg hugsar historia om denne songen slik: Ein som heitte Arvid Aarsnes var i Bud og underviste Bud Mannskor og Bud Damekor. Samtidig med dette vart det sagt at nokon hadde funne eit dikt som Olav Kristvik hadde skrive ei handskriva avis som heitta “Buaværingen”. Det var sagt at Aarsnes skulle lage ein melodi for Bud Mannskor på diktet. Seinare har eg høyrt namnet til Høyer-Finn som komponist og at arrangementet for Mannskoret var av Aarsnes. På denne noten står: Arr.: T. Ruud. Det namnet har eg aldri høyrt før. Det er visst lenge sidan Bud Mannskor har hatt songen på repertoaret no.

 sjå elles Buasongen 2



Ut i mot havet, der storbåra rullar,
ligg det eit nake, eit verbarka land.
Husa ligg saman i lune små krullar,
bøar og åkrar seg breider ved strand.
Blåkvit og mektig havvidda femner
sterk kringom grågrøne holmar og skjer,
blenkjande fager når båtane stemner
ut til sitt arbeid der stimane fer.
 
Men ikkje altid det blenkjer og glimar
stormfullt det reiser seg skumskavla kvitt.
Uhugleg rasar det nattlange timar,
dauden då grin i mot andletet ditt.
Velferd og liv ikkje sjøane ansar.
Berg det du kan og lat resten stå til!
Båtane høgt over kvitfjella dansar
brotnar i kav dersom lagnaden vil.
 
Op i frå strendene lyngbrune myrar
ligg i mot uveret aude og frys,
arbeidsland nok for ein dugande styrar,
som over landet sitt såkornet drys.
Innanfor lyfter seg blånande toppar
høgt gjenom luft mot den signande sol,
som med sin varme dei brestande knopper
opnar og finn fram or grasgrøne skjol.
 
Dette er heimen vår, verhard, men fager.
Lat oss no byggje han hugheil i sinn!
Ingen kan seie at grunnen er mager,
søkklasta båtar frå havet sig inn.
Ungdom i arbeid på sjøen og jorda
livsfrisk og glad gjenom glede og sut,
seier ho hugheilt dei vonrike orda:
«Her er vårt arbeidsrom gjente og gut.»
 
Men ikkje trongsyn vårt auge skal skyggje,
ope mot allheimen tankane står.
Alt som er godt me i verda vil tryggje
mot all den urett som ofte no rår.
Balder hin lyse med reinleik i tanke
skoda frå «Breidablik» vide om land.
Soleis me ogso med hugnad vil sanke
kunnskap om alt frå Guds skapande hand.