Heimbygda mi

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Steinvoll, Tore
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll

Truleg skrive på Ås i 1909.
Som brura rein med brurekrans
um gylne hår.
Du ligg der fager, sveipt i glans
av sol og vår.
 
So trygt du ligg der millom fjell
og urd og lid,
som voggebarn i kvite feld,
so ljos og blid.
 
Ei luft du eig så frisk og rein
som ingen stad,
og ange søt frå gras og grein
og grøne blad.
 
Og fuglesong og elvesus
um natt og dag –
det tonar som eit orgelbrus
av fyrste slag.
 
Ja, du er staden som eg ser
i tankom stødt.
Og difor takk, det beste «verd»
som eg hev møtt.