Gossen

Bygd: Gossen
Kommune: Aukra
Tekst: Høidal, P.
Melodi: H. Kjøll



Ja, Gossen du er øya vår med holmar, sund og skjær,
og heimehugnad gjev du for dei som dine er.
Kva andre tykkjer om deg vi kjenner i vår barm,
for dine er du heimen og alltid ven og varm.
 
Eit syn du ser ein sumarkveld der ute langt i vest,
når hav og himmel møtest som i ein jonsokfest.
Det eldar som av bålet og blenkjer frå kvart glas,
då ser du draumelandet med all sin fagre stas.
 
Når vinterstormar uler og havet står i kok,
vi minnes vil dei alle som havet frå oss tok.
Vår Herre vær du med dei som ut på sjøen er,
vi hugsar kva som hendte der vest ved Galleskjær.
 
Ja, Gossen du er øya vår her ute i nordvest,
kvar enn i verda vankar vi finn deg alltid best.
Må framleis du få vera vår heimstad her i nord,
og alle tider vera ein lut av Noregs jord.