Gamle Tresfjord

Bygd: Tresfjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Skeidsvoll, Agnar
Melodi: Bukkehornslåt/trad./Jakob Rypdal/RS
Kjelde: Bygde-Noreg i dikt og tonar nr. 1, 1946 s, 11



Gamle Tresfjord, heimbygda mi,
fint du ligg innmed fjellå.
Stødt du smiler åt oss so blid,
men me ser det vel sjellå....
Bjørkalid kransar kvar ein bø.
Og sjå Tresså strid stemner ned mot sjø.
Gamle Tresfjord, heimbygda mi,
fint du ligg innmed fjellå.
 
Elvann sjogar, høyr kor det let
tonar ville og vare.
Ljomen lyder, skrattar og gret
ifrå tind og frå tare.
Bjølleklang, lur og hulderlokk,
og til sætervang kjem den glade flokk.
Elvann sjogar, høyr kor det let
tonar ville og vare.
 
Fedrann våre her sette bu,
oss dei gav denne heimen.
Her ligg bygda, kjær for oss, du
kvar me fer uti sveimen.
Klokkeslag frå ei fara tid
til den nye dag sender helsing blid.
Fedrann våre her sette bu,
oss dei gav denne heimen.
 
Unge Tresfjord, ungdomen vår,
halde arven i ære.
Bed at han som lagnaden rår
attåt gjere det be're.
Fri og glad gjere du ditt verk,
og er hugen god, so er handa sterk.
Unge Tresfjord, ungdomen vår,
halde arven i ære.