Fuglsetsang 1

Bygd: Fuglset
Kommune: Molde
Tekst: Austvik, Gunnerius
Melodi: Johannes Hanssen

Opptak av Fuglset mannskor på jubileumskonserten 2014, vers 1 og 3


Der Fannestrand opnar si breie famn
i ly av skogkledde åsar,
som kransar landet og gjev ei hamn
for bygda når nordavind blåser.
Her ligg vårt Fuglset med grend og gard.
:/: So fager heim ingen andre har :/:
 
 
Og Fannefjorddjupet det speglar av
den fagraste lia i norden.
Det speglar fedrenes slit og kav
med hus og med hage, med jorden.
Og deira omsut gjer hugen varm
:/: den maner høgtid i kvar ein barm :/:
 
 
Det fedre har gjeve oss her i arv
me alltid i gjerning vil æra.
Dei odla heimen til livet kvarv,                                                                                         
derfor skal den heilag oss vera.
Å, Fuglset, me skal ære ditt namn
:/:til livet kverv i di trygge famn :/: