Frænasongen

Kommune: Fræna
Tekst: Haukaas, Hans
Kjelde: Unge Romsdal 1934, s. 211-12

Her stig fedrejorda mi
fram av stormsus og Nordhav mot sol og mot blånar.
Veg til havet held ho fri
og til landa bak sol og bak månar.
Kringum bygda fjell i krans dei står
ævlegt vern um fødestaden vår.
Frening her du strir og rår
og di soga i tusundår går.
 
Bjørnsund der lengst i vest
og so Stavik og Kjørsvik og Tornes og Håset.
Hoeim, Valle og Helset, Aure, Sande og Malme og Sylte.
Elnesvågen er vel betre kjend,
vid og fager og vår største grend.
Denne bygd, me segja kan,
er oss kjærast i Noriges land.
 
Gamle Frei han gav deg namn
då han såg kor det grodde og blømde på jorda.
Ut mot verda mangein stamn
bar med helsing frå fjella og fjorda.
Vikinghera fyrste helsing bar
Hauk og Tore, Skofte – son og far –
Sidan mangein frenegut
la den leida mot storverda ut.
 
Heime drog me kvar vår leid
sum' åt havet og jorda og sume åt bya.
Att og fram og fram og att
hev det gjenge slik op gjenom tia.
Havet gav so ofte rikleg haust,
og då vart det heim og båt og naust.
Men det mangein gong slik gjekk
at so lite i båten me fekk.
 
Jorda ligg her trygg og traust
ned ved strender, ved åsar, i myrer og lider.
Ho gjev altid viss nok haust,
når ein sår ho imedan ein bider.
Denne leksa fekk me gong på gong
banka i oss medan stormen song.
Endå mangein urydd heim
venter løysing frå tusundårs drøym.
  
Folket her ved hav og heid
er ei blanding av kelter, av døl og av trønder.
Difor dreg me kvar vår leid.
Me hev vandt for å samlast me bønder.
Fridom er det høgste krav me eig.
 -  Fedreånda stolt og strid og seig –
Men å lyfta sams og stort
lyt me læra før me fær det gjort.
 
Fedrejord so sterkt og varmt
manar ættarne heimatt til fedrene dygder.
Um her gustar kaldt og armt,
Me skal fram til dei fremste av bygder.
Me hev emnet og vårt yrke her
og lyt læra meistra vind og ver.
Frening her du strir og rår,
og di soga i tusundår går.