Eresfjordssong

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Melodi: Det var en lørdag aften, dansk folketone
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll. - s. 17



Du vene Eresfjorden med fjell og lid og fjord
for oss er beste valen og rette odelsjord.
Her våre fedrar bygde og vigde inn sitt hov,
og arven for oss trygde med sterke arm og lov.
 
Som våre fedrar kjære me elska vil vår dal
høgt arven deira ære, og gjera'n aldri fal.
Me dyrka vil kvar rute til dalen står i blom,
all urett halda ute, men rettferd gjeva rom.
 
Vår eigen heim me byggjer, med trall og song det går,
di Lat-Lars aldri hyggjer seg rart ved peisen vår.
Ideen bjart skal skine som stjerna i vår hug.
Men ikkje som vil tyne vår ungdom ånd og dug.
 
Og norske vil me vera i brev og bok og gjerd -
og Eiramålet bera på tunga kvar me fer.
Her gode hjarto møtest hit alt det gode trår
her hjarteveilor bøtest og turkast mang ei tår.
 
Og kjem det harde tider med krig og slaveband
me møter fram og strider for fridom og land.
Alt godt det vil me verja, hurra for folk og flag.
Alt myrker vil me herja, hurra for ljos og dag.
 
So kom då gut og gjenta la oss i leiding gå!
På hine aldri vente at dei skal slaga slå.
Kvar ein av oss vil standa for rett og sanning vakt.
Her har du høgre handa so dette er ei pakt.