En hyllest til Raknesbakken og Nerland

Bygd: Raknes
Kommune: Midsund
Tekst: Tangen, Kristian
Kjelde: Stjerneras

Me blir aldri lei av å sjå
på fjella som rager i det blå.
På skogen som står i all sin prakt
kledd i sommerens grønne drakt.
På hegren som står på vakt i fjøra
og tjelden som tippar i bakkerøra.
Det var her me valgte å bygge og bo
og det har me aldri angret til no.
  
Vågen ligg så blank og fin
himmelen er blå og sola skin.
Ein laks hoppar bort på sjoen
alltid på leiting etter føden.
Småfuglen hoppar frå kvist til kvist
og samlar mat til avkommet sitt.
Me er enige om at her me bor
er den vakreste stad på jord.
  
Når sola daler, det lir mot kveld
og sender sine siste strålar mot fjell.
Når husa speglar seg i sjøen
og skuggen blir større over bøen.
Når makrellen lagar striper i sjøflata
og stormåsen venger på overflata..
Kan du då nokon stad vakrere sjå?
Kan hende, men berre nokre få.
  
Slik er det med mange der dei bor
at dei synes det er den finaste plass på jord.
Når me trives og har eit godt naboskap
og bor i eit storslått landskap.
I ein fauna så vakker
med nyslåtte marker.
Kan me då forlange noko meir
mens me lever i denne verd.