Eirisfjord

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Hyldbakk, Hans
Melodi: My Bonnie av H.J. Fuller
Kjelde: Unge Romsdal 1934, s. 172

Står i diktsamlinga På vandringsveg.


Her opnar seg vidder for synet,
Å hei, for ein skinande kvelv!
Det blenkjer mot himmelbrynet,
det glitrar og skin og skjelv.
 
Høgt lyfter mot himmelblånen
seg knivkvasse svarte spir.
Det gryggjest i granitgrånen
som undan for augo glir.
 
Det er som ein storkna havdans
av villaste båredyn.
Det bjortnar i vårdags solglans
eit takande fagert syn.
 
Det 'r gudar og fæle draugar
som stivna i villast strid.
Sin spjotkrans i sol dei laugar
og lutrast til ævlig tid.
 
Det kross er på kyrkjegarden
der tidene ligg i blund.
Mot høgaste himmelvarden
dei blånar i morgenstund.
 
Og stavstille fjorden drøymer
innunder i skuggar brå,
der morgonstrålane fløymer
med glitring i bredor blå.
 
Å nei du, for fagre grender!
Å nei for ei fager jord!
Det glitrar langs grøne strender
i stein kringum Eirisfjord.