Ein bit av Fjell-Noreg

Bygd: Romsdalsfjella
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Blåveispiken av Kurt Foss/Reidar Bøe
Kjelde: Tillitstonar / Einar Helde. - 2011

Skriven 2008


Vi bilar innover Boggestranda,
der fjell seg speglar i fjord så blå.
Og vi ser Skjorta på venstre handa
med fager krone av nysnø på.
 
Gogsøyra, Sjøvdøla bygda pregar.
Men dit opp greier vi ikkje nå.
For vi har planlagt at våre vegar
skal over heia til Vistdal gå.
 
I aust står mektige nunatakkar
som Vikesaksa og Gjuratind.
Mot Hornedalen går bratte bakkar,
der tind i tind står langs dalen inn.
 
Vi skimtar Langfjorden, gilde grender,
der husdyr taper mot jerv og bjørn.
Vi bilar utover fagre strender,
der mang ein slitar må ta sin tørn.
 
Ved Rødvenfjorden ligg gamle grender.
Tre kyrkjetårn peikar enno opp.
Vi Klungneskollen ein tanke sender,
og skodar Stolane, topp i topp.
 
Blant Romsdalsfjella som er best kjende,
er Vengjetindane, Hornet flott.
Mot Isterdalen vi blikket vende,
såg Kongen, Dronninga, Bispen godt.
 
Så mange fjellheimen lite ansar.
Dei tenkjer mest på sitt gods og gull.
Vi har ein rikdom for våre sansar:
Ein bit av Fjell-Noreg, underfull.