Ein bauta i stein

Bygd: Varnesbrua
Kommune: Midsund
Tekst: Nygård, Birger

Diktet er på minnesteinen ved Varnesbrua som vart sett opp etter restaureringa i 2003
På Varnes utpå Dryna gjekk ein mann
og dyrka jord og braut seg åkerland.
Han skapte utmark om til grøne hagar
ved slit og arbeid gjennom lange dagar.
 
Men kvar ein dag, ja, nesten heile tida
så såg han drøymande mot Midøy-sida.
Han bar på ein draum der attom si panne
om å gå tørrskodd til Midøylandet.
 
I løyndom gjekk han med denne draumen
om brusamband over Varnesstraumen.
For når han byrja å snakke om dette
trudde folk han var gått frå vettet.
 
Sjølvsikre stod dei der høge og ranke
og drog på smilen av slik ein tanke.
Dei humra og sa: Det går ikkje an
å byggje ei bru, åleine mann,
 
Men lell ein morgon tok mannen fatt
og gav seg ikkje før langt på natt.
For djupt i si bringe der hadde han lova
få ungane tørrskodd til skulestova.
 
På Midøya kunne ein og handle alt,
i krambua der var det sukker og salt.
Dit ville han nå for å skaffe seg næring
utan å måtte gå i ein færing.
 
I Jaktveita meinte han å ha funne
det smalaste punktet der over sundet.
Hit frakta han lass etter lass med stein
frå nydyrka mark og frå åkerrein.
 
Men steinen han nytta, var ikkje den beste
som materiale til brukarfeste.
Og staden han valde låg utsett til
når storstormen stod på, rasande vill.
 
I lagnadsnetter då nordvesten herja,
så bårene braut mot dei blankskura berga,
tok uveret såleis to gonger brua.
Lell mista han aldri vona og trua.
 
Han tok fatt på nytt litt lengre mot sør,
på ein stad han og hadde sett seg ut før.
Og for betre å stå i mot uver og storm
nytta han stein med firkanta form.
 
Med båt og pram tok han mange tura
til Ertresholmen og Hofsetura.
Folk høyrde at hammar og meisel song
medan han forma den steinen han trong.
 
Han sleit og jobba for fulle lunger,
og fekk stundom litt hjelp av kjerring og ungar.
Men den største jobben gjorde han sjølv,
og når kvelden kom, var han stiv og støl.
 
Han heldt på med brua i fleire år
så ryggen verka og neven var sår,
og han mista ein finger på eine handa
før brua var over på begge landa.
 
Frå tidleg morgon og heile dagen
stod han i vatn til langt oppå magen.
Medan sjøen vaska kring lår og bein
bygde han brua, stein på stein.
 
Ut frå den løynlege draumespire
vaks draumen til røyndom i nitten fire.
Då var arbeidet utført og jobben gjort,
og alle såg no: Her var skapt noko stort.
 
Då naboar kom med si helsing og hand
for å heidre ein arbeidets adelsmann,
var det som tonar tok til å klinge
i glede og takksemd attom hans bringe.
 
Den draumen han bar på der innerst inne
har sidan stått som eit handfast minne.
Og no står vi her ved den fullførde draumen:
ein bauta i stein over Varnesstraumen
 
Ein bauta over ein heidersmann,
som aldri gav opp og difor vann.
Ein bauta i stein, ei regnbogebru
over skaparkrafta i von og tru.