Dalavise

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Tenk når en gang
Kjelde: Lovsongtonar / Einar Helde. - 2007

Skriven 1998


Eg veit ein dal imellom høge tindar.
Idyllisk dei i vatna speglar seg.
Men stundom kan det koma kastevindar.
Av barsk natur kvar skapning får sitt preg.
 
I seksten veker solauget er borte.
Men øvst i fjella sollys vi kan sjå.
I Eikesdalen har vi glade vorte,
om ønsket ofte er meir sol å få.
 
Når Mardalsfossen i sitt velde brusar,
han overrislar enga med sitt yr.
Når sønnavinden stilt i skogen susar,
kan kvardagsstrevet bli eit eventyr.
 
Frå Børa bratt kan breie Fjellsvafonna
med brak og bulder ned i bygda gå.
Då veit vi våren ikkje langt er unna.
I Sangrovskaret kan vi sola sjå.
 
På Kjøtåryggen breane har smelta.
Då veit vi kornet atter moge blir.
I livsens kav og strid må alle delta,
til dagen hallar, og mot kveld det lir.
 
Vår von er ungdommar, som her er fødde,
at dei skal dyrke godt vår fedrejord.
Dei som med gråt sitt såkorn trufast strødde,
skal glade hauste. Slik er lovnadsord.
 
Vår barndoms dal imellom fjell så høge
vi minnast vil kvar vi i verda fer.
Så lenge bekk og elv vi høyrer søge,
vi takkar for naturoppleving her.