Bygdasong

Bygd: Tresfjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Lindset, Birgitte Nerheim
Melodi: Norsk stevtone (det finnes mange utenom den som er valgt)



I millom bygder og mange grender
ei lita fjordbygd som best eg kjenner.
Ho ligg i krans kringom grøne lid,
og denne bygda eg kallar mi.
 
Her var det fedrane heim seg rudde,
med spett og spade dei torva snudde,
med sterke armar og muntert sinn,
dei gjekk med vyrnad for yrket inn.
 
No ligg der gardar i småe krullar
på begge sidor der elva sullar.
Og bøar vekse seg lang og breid
frå fjord og fram etter brune heid.
 
Ei rekkje fjell spenner seg om bøen,
dei speglar kruna i blanke sjøen.
Sjå «Lauparen» som i midten står,
av «Brudefylgje» han helsing får.
 
Ved fjorden ligg der så bjarte strender,
dei kan fortelja om arbeidshender.
Og inn i botnen ved fjørestein
står kyrkja, kallar med ljod så rein.
 
Og tett ved kyrkja ligg «Hoemstinden»
i harde bygjor frå nordavinden.
Han er så høgreist, så morgonglad,
i vakt ved federnes kvilestad.
 
Me elskar bygda der me vart fødde
der er dei finaste rosor strødde.
Dei kjærleiksrosor så raud og stor
hev djupe røter i feders jord.