Barneminne frå Romsdalen

Bygd: Romsdal
Tekst: A. G. F., Utflytta romsdaling
Kjelde: Romsdals Budstikke 25.03.1980

Eg skal aldri gløyme den fagre fjord
dei djupe dalar med blomar i skog.
Eg skal ikkje gløyme det barneår,
som alltid for meg i solglans står.
 
Å, korleis går det vel an å gløyme,
ein kveld i skyminga vi sto og drøymde
med augo vendt mot ein Romsdalsfjord,
eg veit ikkje om venar plass på jord!
 
Og slik som gleda jog varmt i barmen,
i sola leide eg deg ved armen.
Eit barnehjarte med fryd kan fyllast,
å Romsdal, kjære, ditt navn skal hyllast!
 
Ja, heile Romsdalen gjev oss svar,
frå høge nut – ned til bekkefar.
Eg såg dei høge og ville fjell,
eg såg det alt på ein sommarkveld!
 
I skymingsdisen fram øyar skaut,
og åretaka si stille braut.
Med hav og himmel så nær innpå,
så mykje lettar å leva då.
 
På ville fjellet vi planta skog,
med barnehåp om at det fekk gro.
Vi plukka bær i ein skog så stor,
eg hugsar det som det var i fjor.
 
Og setervegen med stein og røter,
som passa fint for så småe føter.
Og kyrne rauta og bjella song,
kva meir på jord var det vel ein trong?
 
Skal tru om slik som eg dengong kjende
det nokon gong kjem til meg attende.
Med sol og lukke på barnesti,
skal tru om eg vert på ny så fri?
 
Jau, kanskje eingong når vindar snur
eg reiser «heimatt» ein liten tur.
Og finn eg gleda slik ho den gang var,
då vert eg der til min døyan dag.