Barndomsøya

Bygd: Harøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Marøy, Elias E.
Melodi: Guttorm R. Ulvund
Kjelde: Ord ved hav

Guttorm R. Ulvund laga melodi i 2023



Her talar kvar tuva,

her kviskrar kvar stein
om guten som sprang her
som jublande svein,
og havet det spelar som harpa
ei blanding til smil og til gråt.

 

Og sundet og fjorden
med feiande bris
eg siglde og rodde
på vikingevis,
og bårone er dei same
som vogga min barndoms båt.

 

Her ser eg den vegen
som far munde trø
frå stova den vesle
og ned til si stø.
Det flagga ei skute der ute
som skulle lose i hamn.

 

To hender så slitne,
men falda i bøn,
som signande strauk meg
så ofte i løn,
er glitrande perlor i kransen
av minner frå barndomens tid.

 

Lat skina Guds sol
på mi barndoms øy.
Lat skina når eingong
eg folnar som høy.
Så mykje må falla og vika,
Guds lovnader berre står fast.