Barndomsminner frå Tomrefjord

Bygd: Tomrefjorden
Kommune: Vestnes
Tekst: Seljeflot, Jorun
Melodi: Gammel melodi, brukt av Alf Prøysen



Ein sommardag på Reset over fagre Tomrefjord,
eg står og nyter synet av mi kjære fedrejord.
Mens blikket følgjer bygdene som ligg der rundt i kring,
då leikar det i hugen min så underlege ting.
 
Refr.: Ja oppi seterveg blir eg så lykkeleg,
når glade barndomsminner kjem strøymande mot meg.
 
Det er så mykje gildt eg har vore med på her.
Frå bandoms skuledagar med utivekste klær,
til ungdomsfagre blomstringstid med liv og leik og song,
ja, eg blir mest vemodig når eg tenkjer på den gong.
 
Refr.
 
Når vintren kom med is og snø og sjelle frå nordvest
då gamlefolket lika seg i ovnskråa best.
Men me for ut og rente oss i skog og fjell og li,
og sette utfor bakkane på heimelaga ski.
 
Refr.
 
Ved juletid gjekk far og eg i Frostadal ein tur,
bak sommarfjøsen vår stod det ein harepus på lur,
han vende om då han såg oss og hoppa lett sin veg,
mens far og eg me skulle berre hogge juletre.
 
Refr.
 
Og våren kom med fuglesong og sol i dal og fjell,
og snøen reiste fort sin veg frå tind og bakkehell,
og telen løyste, graset spira, gleda ho var stor,
då eg med fyrste geitesymra trippa inn til mor.
 
Refr.
 
Ved jonsokleite flytta me med bølingen til fjells,
det hende stundom at ho Dagros gjorde seg rebelsk,
men når ho først fekk teften av det gode setergras,
då vart det slutt på argskapen, og alt var berre stas.
 
Refr.
 
Rundt meg brækar sauene frå kvar ein knaus og koll,
det venta meg ei lita jente fram på setervoll.
Ho vona at ein kveld ho fekk besøk av guten sin,
og då eg kom så såg ho ned og raudna lett på kinn.
 
Refr.
 
Over Tua opp på Varden gjeng eg, lett på fot,
i traktene der hugen min har slått så fast ei rot.
Frå Vardens topp der møter meg så storslagent eit syn,
frå Bårdsnesholmen, Molde by og heilt til havets bryn.
 
Refr.
 
Eg vaksen vart og reiset ut frå sysken, far og mor,
eg ville freiste lykka mi ein annan stad på jord.
Men det var ikkje endefram for verda ho var stor,
og hugen min han ville ikkje gløyma Tomrefjord.
 
Refr.: Og så eg heim att for, heim til Tomrefjord,
for her er no den likaste staden lell på jord!